Historisk arkiv

Fleire elevar i vidaregåande skule får føraropplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nord-Trøndelag fylkeskommune får 100 000 kroner til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring ved Grong videregående skole.

Nord-Trøndelag fylkeskommune får 100 000 kroner til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring ved Grong videregående skole.

Åtte fylkeskommunar har søkt Kommunal- og regionaldepartementet om støtte til å gjennomføre prøveprosjekt. Elevar på vidaregåande skular med avstand til køyreskular vil få køyreopplæring ved skulen dei går på. Grong videregående skole er blant skulane som er plukka ut til å gjennomføre prøveprosjekt.

Store avstandar skapar utfordringar for mange unge i Distrikts-Noreg, som vil ta førarkort. Unge er ei viktig målgruppe i distrikts- og regionalpolitikken.

- Målet med prosjektet er å gjere trafikkopplæring for distriktsungdom meir tilgjengeleg for elevane. Slik kan dei spare tid og pengar på reising til køyreskular som ligg langt unna, og få mindre fråver frå den vidaregåande skulen, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Seks skular gjennomførte frå 2007-2009 tilsvarande prøveprosjekt, som ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik og ungdomstiltak i distrikta.

- Resultata var så gode at me ynskjer å spreie desse erfaringane til fleire skuler og fylke. Blant anna såg me at strykprosenten til førarprøva vart lågare, og at fråværet og kostnadene i samband med reise til køyretimar gjekk ned. Dette ynskjer me å byggje vidare på, seier statsråden.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.