Historisk arkiv

Fleire husstandar kan få bustøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Utvidinga av den statlege bustøtta i 2009 har vore eit viktig tiltak i kampen mot fattigdom. Om lag 25 000 nye mottakarar har kome inn i ordninga, men framleis finst det husstandar som har rett til bustøtte, men som enno ikkje har søkt. Det syner ein rapport NOVA/FAFO har gjort på oppdrag frå Husbanken.

- Eg er nøgd med at dei nye, enklare reglane har nådd dei prioriterte målgruppene. Særleg har unge, single menn utan fast arbeid kome inn i ordninga, og mange mottakarar har fått meir i stønad enn tidlegare, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I 2010 blei det utbetalt 3,15 milliardar kroner i bustøtte. Det er 721 millionar kroner meir enn i året før omlegginga (2008). Evalueringa frå NOVA/FAFO synar at nytt regelverk kan gjere at om lag 135 000 husstander vil kunne få utbetalt bustøtte kvar månad, noko som er 10 000 fleire enn i dag.

– Eg vil no oppmode dei med låge inntekter og høge buutgifter, og særlig barnefamiliar til å sjekke om dei har krav på bustøtte. Utvidinga har så langt ikkje kome barnefamiliane tilstrekkeleg til gode, og det vil vi gjere noko med. I 2011 er reglane endra slik at fleire barnefamiliar med låge inntekter og høge buutgifter kan få bustøtte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Husbanken sin bustøttekalkulator gjev ein pekepinn på om ein kan ha krav på bustøtte.