Historisk arkiv

Fleire nærbutikkar kan få investeringsstøtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Fleire nærbutikkar kan få økonomisk stønad gjennom Merkur-programmet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har justert regelverket slik at minst 70 fleire daglegvarebutikkar kan få støtte til viktige investeringar.

– Nærbutikken er ein viktig møteplass i mange lokalsamfunn og ofte avgjerande for at folk skal kunne bu og trivast på bygda. Eg gler meg over at enda fleire butikkar no får ta del i dei ulike støtteordningane i Merkur-programmet, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Statsråden peikar på at Merkur-programmet er eit treffsikkert verkemiddel som er til stor nytte for dei minste lokalsamfunna.

Her er dei viktigaste endringane:

  • Fleire butikkar kan søke om servicestøtte. Den øvre grensa for årsomsetnad er heva frå 3 til 4 millionar kroner.
  • Den øvre grensa for omsetnad for å kunne søke om investeringstilskot er heva frå 10 millionar kroner til 13 millionar kroner.
  • Merkur får no høve til å bruke skjønn og gjere særskilte vurderingar for butikkar som ligg mellom 5-10 km frå alternativ innkjøpsstad. Kva element som blir vektlagt skal bli forklart på Merkur sine sider på regionalforvaltning.no
  • Maksimalt støttebeløp for investeringstilskot blir auka frå 400 000 kroner til 600 000 kroner.
  • Ordninga med støtte til drivstoffanlegg blir utvida til òg å omfatte ladestasjon for elbil.

Dei siste to åra har Stortinget bevilga 20 millionar kroner ekstra til Merkur-programmet. Dette er hovudårsaka til at det no er gjort endringar i Merkur-forskrifta, slik at fleire butikkar kan få ta del i ordninga.

– Desse endringane vil gjere Merkur-programmet godt rusta til å kunne hjelpe våre minste butikkar i åra som kjem, seier Mæland.

For meir informasjon om Merkur-programmet, og dei endringane som no er gjort, sjå www.merkur-programmet.no

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00