Historisk arkiv

Fleire unge politikarar der unge røyster

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I kommunane der 16-åringane fekk røyste ved valet i haust, kom fleire unge inn i kommunestyra. – Dette er særs positivt. Unge har mykje å bidra med i lokalpolitikken, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I kommunane der 16-åringane fekk røyste ved valet i haust, kom fleire unge inn i kommunestyra. – Dette er særs positivt. Unge har mykje å bidra med i lokalpolitikken, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

20 kommunar prøvde ut røysterett for 16- og 17-åringar ved valet i haust. Desse fekk fleire unge representantar i kommunestyra enn gjennomsnittet. I snitt har kommunestyra ni prosent unge mellom 18 og 29 år, ein auke på to prosent  samanlikna med valet i 2007. I prosjektkommunane har dei 14 prosent. Dette er ein auke på fire prosent frå førre val.

- Eg ser fram til vurderinga frå av dette resultatet. Eg trur dette mellom anna handlar om stort engasjement hjå dei unge. Forsøket ga moglegvis meir medvitne lokalparti og veljarar. At fleire unge deltek både som veljarar og politikarar er viktig for eit vitalt, framtidsretta lokaldemokrati. Eg ønskjer større breidde, seier Navarsete.

Når evalueringa etter forsøket er klar, vil regjeringa tilrå Stortinget om ei ordning med stemmerett for 16-åringar skal gjelde for alle.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.