Historisk arkiv

Fleire utleigebustader blir etablerte enn nokon gong!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt VG 28.09.2009.

Signaturen ”SimplyTheBest” foreslår i VG 28. juli at det offentlege bør tilby fleire utleigebustader i konkurranse med den private marknaden.

I bustadpolitikken skal vi ikkje konkurrera med dei private aktørane, men eg er samd i at vi skal ha fleire offentlege utleigebustader her i landet. Derfor har vi sett av midlar til heile 3000 nye offentlege utleigebustader i år. Dette er faktisk den største satsinga på utleigebustader nokon gong.

Vi har dobla satsinga på studenbustader i år slik at nær 1300 nye skal koma på marknaden. Det skal bli etablert 12 000 nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i åra fram til 2015. Bustøtta er der for å hjelpa rundt 150 000 hushald som slit med svak økonomi og høge buutgifter.

Det er mykje å ta tak i på bustadmarknaden, men vi er på god veg.