Historisk arkiv

Flyrute Fagernes - Oslo: Anbod frå fire selskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag mottatt fire anbod for drift av flyruta Fagernes – Oslo. Anboda gjeld for perioden frå 1. april 2002 til 31. mars 2003. (18.12.01)

Pressemelding

Nr.: 143/2001
Dato: 18.12.01

Flyrute Fagernes - Oslo: Anbod frå fire selskap

Samferdselsdepartementet har i dag mottatt fire anbod for drift av flyruta Fagernes – Oslo. Desse selskapa har levert anbod: Arctic Air AS, Widerøe`s Flyveselskap ASA, Danish Air Transport AS og Coast Air AS. Anboda gjeld for perioden frå 1. april 2002 til 31. mars 2003. Frist for innsending av anbod var sett til 14. desember i år.

Anbodet avløysar den mellombelse kontrakten som Samferdselsdepartementet inngjekk med Widerøe's Flyveselskap ASA for drift av flyruta Fagernes – Oslo frå og med 8. oktober i år, og fram til ny kontrakt tar til å gjelde den 1. april 2002. Tildeling av mellombels kontrakt og utlysing av anbodskonkurranse har samanheng med at flyselskapet Guard Air AS i mars i år la ned trafikken på ruta Fagernes – Oslo, på grunn av den økonomiske situasjonen i selskapet.

Samferdselsdepartementet vil no gå gjennom anboda, med sikte på å velje det flyselskapet som vil få einerett til å trafikkere ruta Fagernes – Oslo. Val av flyselskap kan tidlegast skje 14. februar 2002.

Einerett til drift av flyruta Fagernes – Oslo vil bli tildelt det flyselskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten og som ellers oppfyller dei krava som er fastsette når det gjeld billettprisar, talet på avgangar og setekapasitet for flya.

Til toppen