Historisk arkiv

Flyrute Fagernes - Oslo: Arctic Air AS tildelt kontrakt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Arctic Air AS kontrakt for drift av flyrute på strekninga Fagernes – Oslo for perioden frå 1. april 2002 til 31. mars 2003. (18.02.02)

Pressemelding

Nr.: 7/2002
Dato: 18.02.02

Flyrute Fagernes - Oslo: Arctic Air AS tildelt kontrakt

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Arctic Air AS kontrakt for drift av flyrute på strekninga Fagernes – Oslo for perioden frå 1. april 2002 til 31. mars 2003.

Tildelinga av kontrakten er skjedd etter ein anbodskonkurranse der det kom inn anbod frå fire selskap. Av dei selskapa som oppfyller kontraktsvilkåra har Arctic Air det lågaste kravet om godtgjersle frå staten. Etter kontrakten skal selskapet ha ei samla godtgjersle på nær 8,3 millionar kroner for heile kontraktperioden.

Arctic Air vil trafikkere ruta med to daglege flygingar kvar veg måndag til fredag og ei dagleg flyging kvar veg på søndag.

Selskapet vil nytte eit fly av typen Dornier 228 – 212, som har 19 sete.

Flyruta Fagernes – Oslo blir i dag trafikkert av Widerøe`s Flyveselskap AS, med ei dagleg flygning kvar veg, og med bruk av fly med 37 sete. Dette ruteopplegget er i tråd med ein mellombels kontrakt som blei inngått i oktober i fjor.