Historisk arkiv

Flytoget- til Drammen frå juni 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Det er no lagt til rette for at Drammen frå juni neste år kjem inn i ruteplanen til Flytoget. - Med dette får folk og næringsliv i Drammen og delar av Buskerud og Vestfold eit nytt, betre og meir miljøvennleg tilbod for alle som skal til og frå hovudflyplassen på Gardermoen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Når vi frå neste år kan ta flytoget til Drammen, er det mellom anna ein følgje av at det på Drammensbanen no er gjennomført store utbyggingsarbeid som styrkjer kapasiteten på jernbanenettet. Over statsbudsjettet for 2007 er det sett av i overkant av 800 millionar kroner til utbygging på Drammensbanen. Utbygging på Dammensbanen, på Lysaker stasjon og på strekninga Sandvika - Skøyen er høgt oppe på lista over tiltak for eit meir effektivt og miljøvennleg transportsystem i Oslo- og det sentrale Austlandsområdet. Her er det nemleg ikkje mogleg å "vegbyggje" seg ut kø- og miljøproblema, seier samferdselsministeren.

Den endelege utforminga av tilbod og ruteplan for Flytoget til og frå Drammen, vil vere avhengig av avklaring frå Jernbaneverket. Godkjenning frå Statens jernbanetilsyn er også ein føresetnad for eit nytt rutetilbod frå juni 2008. Det skal dessutan gjennomførast ein del tilrettelegging og byggjearbeid ved Drammen stasjon. Her går staten inn med midlar, om lag 20 millionar kroner, over budsjettet til Jernbaneverket.