FN 70 år - ope møte om ein ny dagsorden

Priv. til red.

Utanriksminister Børge Brende inviterer tirsdag 17. februar til diskusjon om korleis FN skal møte nye globale utfordringar

I år er det 70 år sidan FN blei grunnlagt. Med nye utfordringar som klimaendringar, nye aktørar i det sivile samfunn, nye globale maktforhold og nye truslar, er verda i dag svært ulik det den var då FN blei etablert. Både som samarbeidsorgan for alle verdas statar og som aktør står FN overfor nye globale utfordringar.

Saman med andre statar, så vel som forskarar, tenketankar og sivilsamfunn i Noreg og i utlandet vil departementet sjå nærmare på korleis vi kan sette FN i stand til å møte dei globale utfordringane.

På møtet blir Utanriksdepartementets nye prosjekt ”FN 70: Ein ny dagsorden” lansert.

I tillegg til innleiing frå utanriksministeren vil desse vera med i diskusjonen:

  • Sarah Cliffe, New York University
  • Navi Pillay, FNs tidlegare høgkommissær for menneskerettar
  • Bruce Jones, Brookings Institution
  • Rima Khalaf, leiar av FNs sosiale og økonomiske kommisjon for Vest-Asia

Tid: Tirsdag 17. februar kl.10.00 - 12.00.
Stad: Utanriksdepartementet, møterom NK 515.

Møtet er ope for pressa. Det vil bli høve til intervju med utanriksministeren og med dei andre deltakerane rett etter møtet.

Påmelding til asve@mfa.no innan måndag 16. februar kl. 12. Twitter: #FN70

 

 

Pressekontakt: Astrid Versto, 90192920