Historisk arkiv

Følgjer opp eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Handlingsplana mot antibiotikaresistens vart vedteke i mars 2016. Etter eit halvt år er det no utarbeid status for dei ulike tiltaka, både dei som utførast av Mattilsynet, Veterinærinstituttet, næringa og av departementet.

Handlingsplanen er forankra i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015 - 2020.

– Antibiotikaresistens er ei stor global helseutfordring både for dyr og mennesker, og dette har eg teke opp i fleire internasjonale samanhengar.  Noreg har i dag ein stor aktivitet både når det gjeld overvaking, forvaltningsmessige tiltak og forsking innafor landbruks- og matsektoren. Dette er eit kontinuerleg arbeid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Dei mest sentrale tiltaka er følgjande:

  • Vidareføre omfattande tiltak for å hindre at norske svinebesetningar skal verte eit reservoar for resistente bakteriar.
  • Reservere enkelte kritisk viktige antibiotikum til humanmedisin.
  • Styrkje tilsynet med veterinærane si forskriving av antibiotika til produksjonsdyr og kjæledyr.
  • Fase ut bruken av Narasin som fôrtilsetningsstoff til fjørfe, føresett at dette ikkje aukar bruken av antibiotikum.
  • Utreide forskriftskrav om resistenstesting av røktarar og andre som har kontakt med svin.
  • Vidareføre arbeidet mot antibiotikaresistens hos fjørfe.
  • Utreide strengare krav ved omsetnad av livdyr.
  • Styrkje overvaking og kunnskapsutvikling.

  • Sjå handlingsplan med oppdatert status (pdf)
  • Sjå status for forskingsprosjekt hjå Veterinærinstituttet (pdf)