Historisk arkiv

Følgjer opp eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Handlingsplana mot antibiotikaresistens vart vedteke i mars 2016. Det er no utarbeid status for dei ulike tiltaka, både dei som utførast av Mattilsynet, Veterinærinstituttet, næringa og av departementet.

Handlingsplana er forankra i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015 - 2020. 

I hovudinnlegget under FAO sin generalkonferanse i 2017 poengterte Noreg at antibiotikaresistens må setjast endå høgare på den internasjonale agendaen. Antibiotikaresistens er ein av vår tids største globale helsetruslar og kan berre handterast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Noreg var i 2017 òg vertskap for eit nordisk toppmøte om antibiotikaresistens. Dei nordiske ministrane med ansvar for mat og landbruk vart samde om tiltak som må stå sentralt i kampen mot antibiotikaresistens og som dei nordiske landa skal jobba saman for å fremje heime og på den internasjonale arenaen. 

Frå statusrapporteringa kan ein særskilt nemne: 

  • Overvåkningsprogrammet NORM-VET er omfattande. Nasjonale kartlegginger vert gjennomført i tillegg til EØS-programmet.
  • Overvåkningen av og tiltak mot antibiotikaresistens hos svin vert vidareført.
  • De foreslås å forskriftsfeste krav til bruk av smittevern i grisehus.
  • Husdyrnæringa har utarbeidd eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens.
  • Mattilsynet undersøkjer førekomsten av resistens i husdyrgjødsel og i miljøet.
  • Husdyrnæringa har fasa ut rutinemessig bruk av Narasin i fjørfeholdet.
  • Det vert utført omfattande kvalitetssikring og utbetring av veterinært lækjemiddelregister (Vetreg) som grunnlag for betre statistikk og tilsyn med veterinærane sin forskrivning.
  • Lækjemiddelverket og Mattilsynet vurderer ytterlegare regulering av bruken av kritisk viktige antibiotika.
  • Det er stor forskingsaktivitet på området.
  • Norske styresmakter deltek aktivt i internasjonale fôra kor globale utfordringar med antibiotikaresistens vert diskutert.