Folkefest og åpning av tre nye sauefjos i Setesdal

Siste laurdagen i august var kjeledressen og lusekofta bytt ut med setesdalstakk og blankpolera lakksko i høve åpning av tre nye sauefjos i bygda Helle, Valle kommune. Der investerer tre nabobønder nå til saman 15 millioner kroner i topp moderne fjos med plass til i alt 1.000 vinterfôra sau. Dermed 10-doblar dei sauetalet i denne eine bygda frå 100 til 1.050 sauer. – Me må bli mykje flinkare til å snakke positivt om det som er bra i norsk landbruk, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale, då han klypte (ull)snora.

F.v. Egil Åmlid, Tor Espen Helle og Stein Føreland Straume tok imot landbruks- og matministeren i sin finaste stas.
F.v.: Egil Åmlid, Tor Espen Helle og Stein Føreland Straume tok imot landbruks- og matministeren i sin finaste stas.
Frå venstre:, Tove Hilde Åmlid, Siw Madsen og Hilde Straume.
F.v.: Tove Hilde Åmlid, Siw Madsen og Hilde Straume.
Seinare i programmet entra konene scena med eigenkomponera song til statsråden: – Me må ha halde fram å lage mat i Helle, vi må lage mat i Valle, i Setesdal, i Noreg, var bodskapen og refrenget. F.v.: Tor Espen Helle og Siw Madsen, Stein og Hilde Straume med datter, Tove Hilde og Egil Åmlid.

Heile bygda og kommunen var møtt fram, saman med folk frå nabobygder og nabofylke. Kring 600 stk hadde ein triveleg dag i godvéret med marknad, heilgrilla lamb, speedklypping av sau, ymse kulturinnslag, fjosomvisning, og ikkje minst god drøs med gamle og nye kjende.

Landbruket er ein viktig identifikasjonsberar for norske bygder, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale, som var hjarteleg tilstades og storkosa seg. – Norske gardsbruk er kunnskapsbaserte familieverksemder som gjennom langsiktig avlsarbeid og god dyrevelferd produserer rein og god mat i verdsklasse, sa Dale og viste til at Noreg til dømes har langt mindre problem med abtibiotikaresistens enn dei fleste andre land. – Vi må vere stolte over det vi får til, og så må vi både ville og tørre å snakke om det som går bra i norsk landbruk. Ingen ungdomar vil inn i ei næring som berre er opptekne av alt som er vanskeleg og ugreit, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale, før han klypte snora, - som sjølvsagt var ei ullsnor.

Landbruks- og matministeren tok utfordringa til å prøve seg som saueklyppar, og hausta stor åtgaum og mange godord for innsatsen. – Den karen veit korleis ein sau skal handterast, var omkvedet blant alle kjennarane som var tilstades.

Så var det synfaring i nyfjoset til Egil Åmlid.

Åmlid har fått måla border collieren på fjosveggen.

Mange interessera tilhøyrarar på "forelesing" i fjoset.

Hilde og Stein Føreland Straume viser landbruks- og matministeren rundt i nyfjoset.
Hilde og Stein Føreland Straume viser landbruks- og matministeren rundt i nyfjoset. Foto: Alle Landbruks- og matdepartementet