Historisk arkiv

Forbod mot bruk av mineralolje til byggvarme på byggjeplassar frå 2022

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har innført forbod mot å bruke mineralolje til oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering frå 2022. Forbodet vil bidra til å redusere klimagassutslepp frå byggjeplassar.

-Regjeringa har som mål å gjere byggje- og anleggssektoren fossilfri innan 2025. Forbodet er eit viktig steg på vegen, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Forbodet er forventa å redusere utsleppa av klimagassar med om lag 80 000 tonn i året i perioden fram til 2030. Forbodet kan også gi andre gunstige effektar, som redusert luftforureining på byggjeplassane og i byane.

For å gi næringa og marknaden tid til å omstille seg, vil ikkje forbodet tre i kraft før 1. januar 2022. 

Det vil heller ikkje gjelde bygningar der målet med oppvarminga er å førebygge skade etter til dømes flaum eller lekkasjar.

Les heile forskrifta her.

Miljødirektoratet har lage ein rettleiar til forskrifta som du kan laste ned her.

Det finst allereie fleire fornybare alternativ til mineralolje, til dømes fjernvarme, elektrisitet og biobrensler. Regjeringa forventar framover ei positiv utvikling i marknaden for fornybare energiløysingar, særleg som følgje av oljefyrforbodet som trådde i kraft i 2020 .