Historisk arkiv

Førde fekk pris som Årets nynorskkommune 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Språk er et viktig identitetsmerke. Det at vi har to målformer i Norge gir oss alle høve til å uttrykke oss på det språket som er nærast for oss. Det sa kulturminister Linda Hofstad Helleland då ho torsdag 14. januar delte ut prisen "Årets nynorskkommune 2015" til Førde kommune.

Gruppebilde av Førdeordførar Olve Grotle, og kommunalsjef Trond Ueland saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland
Førdeordførar Olve Grotle, og kommunalsjef Trond Ueland saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland Foto: Ketil Frøland/KUD

- Det at nynorsk som språk blir brukt og tatt vare på har mykje å seie for norsk kultur, sa Helleland.

Førdeordførar Olve Grotle, og kommunalsjef Trond Ueland hadde tatt turen til Kulturdepartementet for å få overlevert prisen. Dei orienterte kulturministeren om ein del av arbeidet som er gjort i Førde, og litt om kva planar dei har for prispengane på 100.000 kroner. Førde har gjennomført tiltak innanfor næringsliv, kulturliv, kommuneforvalting og skuleverket. 

Ordførar Olve Grotle gjorde det klart at dette ikkje berre er ein pris til Førde, men ein pris til heile regionen.

Prisen "Årets nynorskkommune" har blitt delt ut av Kommunal og moderniseringsdepartementet sidan 2009. 

2015 var første året Kulturdepartementet var ansvarleg for prisen. Språkrådet har leia juryarbeidet på vegner av departementet.

Kulturdepartementet oppfordrar kommunar og fylkeskommunar til å setje i gang gode nynorsktiltak og søkje om å bli Årets nynorskkommune i 2016