Historisk arkiv

Førde kåra til årets nynorskkommune 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Dette er ein velfortent pris. Førde er ein føregangskommune i nynorskarbeidet i Noreg. Kommunen er ein aktiv pådrivar for nynorsksatsinga, ikke berre i eigen by, men i heile regionen, seier kulturminister Thorhild Widvey.

- Vi ønskjer at denne prisen skal vere med å synleggjere det gode språkarbeidet som skjer i mange nynorskkommunar, seier kulturminister Widvey. 

- Førde har fokus på språkarbeid, og har gjennom prosjektet "Nynorskbyen" knytta identiteten sin tett opp mot nynorsk språk. Kommunen har eit uttalt mål om å bli eit kraftsenter for nynorsk. 

Prisen "Årets nynorskkommune" har blitt delt ut sidan 2009, og har fram til i år blitt delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

2015 er første året Kulturdepartementet er ansvarleg for prisen. Språkrådet har leia juryarbeidet på vegner av departementet. Prisen for neste år vil bli lyst ut våren 2016. 

- Eg vil oppfordre kommunar og fylkeskommunar til å sette i gang gode tiltak på eit tidleg tidspunkt, og å delta i konkurransen når utlysinga kjem, seier Widvey. 

Prisen "Årets nynorskkommune" er på 100 000 kroner.