Historisk arkiv

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival blir knutepunktfestival

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24 80 00

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival blir knutepunktfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er frå 2005 foreslått som knutepunktfestival under Kultur- og kyrkjedepartementet. Det statlege tilskotet til festivalen blir auka til to millionar kroner.

- Folkemusikkfestivalen synleggjer folkemusikken både nasjonalt og internasjonalt og set derfor denne musikkforma inn i ei breiare ramme. Dette er svært positivt. Folkemusikkfestivalen i Førde er dessutan den einaste av sitt slag i Noreg. Det er derfor gledeleg at festivalen no blir styrkt slik at han bli endå betre, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Som knutepunktfestival vil Førde Internasjonale Folkemusikkfestival få 60 prosent av det offentlege tilskotet frå staten og 40 prosent frå regionen. Det vil gje festivalen eit samla offentleg tilskot på 3,3 millionar kroner i 2005, ein auke på vel 50 prosent frå 2004.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival fekk i 2004 det statlege tilskotet sitt frå Norsk kulturfond. Framlegget for 2005 om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som knutepunkt på Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett vil ikkje gje tilsvarande reduksjon i tilskotet til Norsk kulturfond. Dette vil koma andre festivalformål til gode.