Historisk arkiv

Treng framleis ein tydeleg distrikts- og regionalpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Eg er overtydd om ei god framtid heng nøye saman med at me framleis kan sikre god balanse mellom landsdelane og makte å foredle naturressursar og menneskelege ressursar over alt, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho opna jubileumskonferansen for distriktspolitikken.

Velkommen, kjære venner, til denne jubileumsmarkeringa av distriktspolitikken! Saman kan me feire ei nasjonal suksesshistorie om sosial og geografisk utjamning.

Ja, 50 år etter at distriktspolitikken fekk sitt eige statlige organ – Distriktenes utbyggingsfond – tør eg slå fast at distriktspolitikken har mange venner.
I eit land med mykje distrikt skulle det berre mangle,
Sjølvsagt fins det motstandarar også. Noko anna ville vore kjedelig. Desse kritikarane er kanskje ikkje så mange, sjølv om dei tidvis er synlege.

Moderne liv i heile landet
Deira fremste våpen er latterleggjering.
Men dei har aldri vore noko trugsmål mot eit politikkområde som eg meiner har vore avgjerande for at me i dag har eit land der det er muleg å busetje seg, skape verdiar og leve eit moderne liv i heile landet.

I dag skal me sjå oss litt attende, det er nyttig.
Dei som ikkje kjenner fortida, slit med å forme framtida.
Me skal også ha eit ordskifte om framtida. Eg ser fram til gode innlegg og utveksling av synspunkt. Programmet for dagen er spennande.

Eg er overtydd om ei god framtid heng nøye saman med at me framleis kan sikre god balanse mellom landsdelane og makte å foredle naturressursar og menneskelege ressursar over alt.
Den samansette, underlege geografien vår må ha sitt motstykkje i variert folkesetnad og næringsstruktur.

Distrikts- og regionalpolitikk høyrer til dei evige områda i norsk politikk. Omgrepet har kanskje ikkje alltid vore nytta, men politikarar har til alle tider vore oppteken av korleis landet skal bli halde i hevd, kor makt og avgjerder høyrer heime og korleis fordele verdiar.

På 1800-talet handla det mykje om sjølvkjensle, nasjonsbygging og utvikling av folkestyre. Motrørslene vaks fram.

Arbeidarrørsla og bonderørsla blei politiske storleikar.
By-land-dimensjonen kom til syne – og ut frå den og motrørslene blei dei tre sentrumspartia skipa. Framleis er det politiske sentrum drivkrafta for ein sterk distriktspolitikk.

Samstundes skulle nasjonen bli knytt saman til ei effektiv eining. Nasjonale strategar og lokale entreprenørar la grunnlaget for det moderne samfunnet som fann si form i førre hundreår.
Distrikt og regionar hadde ei viktig rolle for korleis velferda blei skapt og fordelt, ja, for heile det politiske ordskifte.


Endringar, ikkje berre urbanisering
Med eit overflatisk blikk er det lett å tru at modernisering, urbanisering og sentralisering har vore dei mest sentrale kjenneteikna ved det norske samfunnet etter 1945.

Ja, me har fått store byar og pressområde i takt med voksteren i folkesetnaden. Nokre bygder er fråflytta. Næringsstrukturen endra. Den praktiske kunnskapen er under press frå storsamfunnet og kunnskapssamfunnet.

Difor må me utvikle ein arbeidsmarknad og arbeidsmarknadsregionar som både fangar opp menneske med lang utdanning og dei som har kortare utdanning, men god praktisk erfaring og ballast.

No er ikkje uro over utviklinga noko nytt.
Ei partifelle av meg, Nils Trældal, sa allereie i 1945 at sentraliseringsproblemet var eit at dei aller største problema i samtida.
Ikkje desto mindre var det mange nordlendingar som etter krigen fann vegen tilbake til den heimstaden dei hadde flykta frå. Dei venta ikkje på at dei nye distriktssentra, som einskilde drøymde om, stod ferdig.

På same måte trur eg det moderne, og individorienterte mennesket, ikkje fylgjer ein enkel modell om urbanisering.
Det moderne mennesket søkjer mulegheiter for det gode liv for seg og sine. Og mulegheiter spring ikkje einsidig ut av kor tett og høgt menneska bur. Livskvalitet handlar om langt meir.
Noreg er jo det beste dømet på det.

Møter gründerar
Eg møter jamt representantar for slike menneske. Håvard Halvorsen, gründer av teknologibedrifta YAST etablerte seg i Sogndal på grunn av ski og fantastisk snøkvalitet for laussnøkjøyring i bratte fjell.

Hans ni tilsette er alle rekruttert frå andre stader i landet – etter å ha vore overbevist om kva Sogndal kan tilby. Mange unge gründerar tek med seg jobben der dei vil bu. Her ligg nye mulegheiter for framoverlente tettstader og distrikt.
 
På Lovund på Helgelandskysten driv Aino Olaisen, ei driftig forretningskvinne i 30-åra, marin verksemd med klåre synspunkt på korleis eit nederlagsdømt lokalsamfunn kan få ein ny start. Aino fortel historia si i artikkelsamlinga om motmakt og regional utvikling som me lanserte i august.
                       
Politikken vaks fram på 50-talet
Distriktspolitikken, som det politiske omgrepet me kjenner i dag, vaks fram på 50-talet. Men innhald har variert og dei politiske spenningane rundt har vore konstante.

Det starta med ein ambisjon om å byggje opp at eit krigsherja Nord-Noreg. Det blei kopla til industrireising og ei tru på vekstsentra.

Men også andre delar av landet var i endring. Stikkord er folkevekst, vekst i industri og tenesteytande næringar. Teknologisk revolusjon i bygdenæringane og mange menneske på veg frå bygdene.
Knapt noko anna næring er sterkare effektivisert enn landbruket.

Også då snakka politikarar og forskarar om regional ubalanse og behov for politikk som kan styre og påverke utviklinga i landet.
Det kulminerte med at Nord-Noreg-planen frå 1951 i 1961 blei til Distriktenes Utbyggingsfond (DU). Eit samrøystes Storting stilte seg bak lovproposisjonen frå det dåverande Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Ganske tidleg blei det klart at DU fikk ein sjølvstendig rolle. Ikkje minst fordi den handlekraftige tidlegare statsråden Erik Brofoss, som stod Gerhardsen nær, blei styreleiar.

Politikk under endring
Som eg var inne på, distriktspolitikk er eit innarbeid omgrep, men innhaldet har vore gjenstand for endring og intens debatt.

Vekstideologien frå byrjinga av 60-talet blei utfordra utover i tiåret. Ei ny regjering, med Per Borten som statsminister, ga distriktspolitikken ei sentral rolle, og gjorde mellom anna debatten om vekstsenter meir nyansert.

Situasjonen på den svenske landsbygda, der avfolking var villa politikk, spelte inn i det norske ordskiftet. Utvikling, ikkje avfolking blei norsk politikk, men ikkje utan dragkampar.
Den kanskje viktigaste norske debattboka etter krigen kom i 1966. Ho handla nettopp om distriktspolitikk. Det var «Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk.», av Ottar Brox.

Inn mot 70-talet kom verkemidla inn for fullt i distriktspolitikken. Selskapet for industrivekstanlegg, SIVA, som framleis lever i beste velgåande, blei danna i 1968.

Vellukka avgift
Eg kan også nemne distriktsskattelova, innføring av regional transportstønad og i 1975, sjølve juvelen i krona av verkemiddel, den differensierte arbeidsgjevaravgifta.
Ordninga var epokegjerande. Ho var sektor- og næringsnøytral, var stønad til arbeidskraft og ga alle arbeidsplassar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet automatisk lågare avgift.

Ikkje rart me skryt av at denne unike ordninga blei gjeninnført av den raudgrøne regjeringa i 2007, etter at EU og Brussel hadde stogga ho for ei stakka stund. Det stogga ikkje Åslaug Haga og co.

Opptrappingsvedtaket i landbruket førte ein heil generasjon attende til bygdene.

Innanfor distriktspolitikken har strukturane som blei bygd på 60- og 70-talet vore viktig for utviklinga i distrikt og regionar. Eg har ofte løfta fram distriktshøgskulane og dei regionale forskingsinstitusjonane som noko av dei viktigaste.
Det er dei framleis.

Samferdsleinfrastruktur skapar vekst, både den teknologiske og den meir handfaste. Dei regionale flyplassane, kyllingmarkene, gav nye mulegheiter for lokalisering av både privat og offentleg verksemd.

Universitetet i Tromsø, vidaregåande skular er ein del av dette bilete saman med lokalsjukehus, turnuslegeordninga og kulturinstitusjonar.

Me er samla i eit flott kulturhus, ein type bygg som eindel krefter meiner er bortkasta pengebruk, men som skapar nye ringverknader i eit lokalsamfunn og i regionen.

Gullalder
Tiåret frå 1970 til 1980 er kalla ein gullalder i distriktspolitikken. Ja, den politiske debatten var intens. Motmakta hadde medvind. Industrien vaks i det distriktspolitiske verkeområdet og me vart ein oljenasjon.
Det blei arbeid og utdanningsrevolusjon for dei unge.
Det kommunale tiltaksapparatet vaks også fram på slutten av tiåret.

I dei tre siste tiåra har distriktspolitikken vore under omdanning, prega av skiftande politiske moteretningar, og periodevis nedbygging, som 2001-2005 fram til ny satsing under raudgrøn regjering i 2005.

Nye utviklingstrekk har slått inn over oss. Konkurranse og marknad er internasjonal. Kapitalkreftene opptrer annleis. Politikken graviterer ikkje berre rundt det nasjonale. Ny teknologi gjev nye mulegheiter lokalt og internasjonalt.
Demografien, med mange eldre, er for skeiv.

Utfordrar politikk
Dette utfordrar distriktspolitikken.

Men noko står fast. Viktige strukturar som er bygd, må ikkje bli rivne bort. Dei er demningar mot sentralisering. Det vil bli tøffe kampar også i åra som kjem.

Me satsar på verdiskaping i heile landet, innovasjon og entreprenørskap. Me er i gong med  å gjennomføre eit samferdsleløft. 
Me ser kultur, næring og lokalsamfunnsutvikling i samanheng.
Me er oppteken av at individet, det einskilde menneske, skal få plass og armslag i lokalsamfunnet.

Me har no dei beste flyttetala i Noreg på 50 år. Mange fleire norske distriktskommunar opplever folketalsvekst – mest på grunn av innvandrarar, men og på grunn av høgare fødselstal.

Dette er ein unik sjanse til å få glede av nye innbyggjarar. Inkludering og mangfald er kjernepunkt framover og det er eit ansvar som kviler både på kvar enkelt av oss, men også på offentlege og private initiativ.

Treng sterkare politikk
Eg er overtydd om at Noreg treng ein sterkare distrikts- og regionalpolitikk i åra som kjem.

Noreg er eit velståande land fordi me har makta å byggje heile landet, nytte ressursane godt over alt. Først og fremst menneska, men i samspel med rike naturressursar.

Så har me sjølvsagt meir å hente. Laurbær skal me ikkje kvile på.

I mars i år kom det ei offentleg utgreiing som stadfesta at Noreg må halde fram med satsing på kompetansearbeidsplassar over heile landet.
Den offentlege utgreiinga frå kompetansearbeidsplassutvalet inneheld gode analysar og spennande tiltak.
Og ho har ein konklusjon som ikkje kan bli gjenteke for ofte:
Det er god samfunnsøkonomi å syte for at veksten i kompetansearbeidsplassar finn stad over heile landet.
Berre slik sikrar me høgast muleg nasjonal verdiskaping.

Utvalet slår også fast at det er muleg å påverke dei sterke sentraliseringskreftene. Men det krev solid politisk innsats og fordomsfri nytenking om korleis me disponerer innsatsen retta mot distrikts- og regionalpolitikken.
Kampen om arbeidskrafta og dei kloke hovuda hardnar til.

NOUen gir blant anna råd om å satse endå meir på:
- betre vegar og ferjefrie samband,
- regionalt forankra utdanningsinstitusjonar og
- raske digitale nettverk.
Samferdsle og kunnskap er dei viktigaste drivarane for både lokal og nasjonal vekst.

Denne regjeringa har satsa stort på alle desse infrastrukturområda, men me skal vidare.

NOUen legg vekt på robuste, større arbeidsmarknader som har god variasjon av bransjar. Dei viser til at ferjefrie samband skapar større og meir vekstkraftige arbeidsmarknader. Og dei peikar på at regionalt forankra utdanningsinstitusjonar er viktig for kunnskapsdynamikken i regionen.

Nøkkelområde
Eg vil kort peike på nokre nøkkelområde eg vil ha særskilt merksemd rundt i arbeidet med ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken:
• Det viktigaste distriktspolitiske grepet framover er å satse tungt på samferdsel. Konkret betyr det gode vegar i heile landet, sikre ferjefrie samband som E-39 og eit jernbanenett som fungerer godt i heile landet – det skapar større arbeidsmarknader. Ny Nasjonal transportplan skal leggast fram i 2013. Det er eit særs viktig distriktspolitisk dokument – og eg vil kjempe fram samferdsleløftet II
• Super-breiband i heile landet må på plass. Me har ikkje råd til digitale klasseskilje som gjer at folk og næringsliv i distrikta skal slite med trege nettverk. Folk må kunne ha med seg jobben til heim nummer to, og staduavhengig jobbing er framtida.
• Gründerar og innovatørar er den viktigaste kapitalen me har i distrikts-Noreg. Dei skal skape arbeidsplassar for framtida og utvikle eksisterande bedrifter. Difor må me ha dei aller beste gründerordningane og det beste systemet for å omdanne idear til produkt og kompetansearbeidsplassar.
• Mange menneske drøymer om det gode liv på bygda. 45 prosent av ungdom seier det er truleg eller svært truleg at dei vil busetje seg på bygda (LMD-undersøkelsen i 2009). Mange fleire skal få mulegheit til å leve ut draumen sin.
Det er det ein moderne distriktspolitikk handlar om. Her må store og små lokalsamfunn kjenne si besøkelsestid. Dra saman og tenk regionalt – krigen mellom lokale nessekongar må bli historie.
Staten må også slutte å vekse i Oslo. Me må spreie  kompetansearbeidsplassar betre rundt om i landet.
Me må forsterke dei regionale kunnskapsnava og gjere kunnskap tilgjengeleg for alle som ynskjer påfyll.

Politikk for velstand
La utgangspunktet for denne jubileumsmarkeringa vere at me i 50 år har hatt ein distriktspolitikk som på avgjerande vis har medverka til nasjonal velstand og gjort Noreg annleis, betre. Til det landet me er glade i.

Distriktspolitikken i Noreg har vore ein suksess.
Sjå til Sverige og den svenske glesbygda. I Sverige bur berre 10 prosent av folket nord for Stockholm.

Ja, det har vore brei semje om noko av grunnlaget av distriktspolitikken. Men det har og vore ein beinhard kamp for å få på plass viktige distriktspolitiske grep. Politikarar og grasrota har kjempa kvar frå sin plass.

Eg har opplevd fleire distriktsopprør i landet før eg kom i regjering. Difor er heller ikkje ein aktiv distriktspolitikk i framtida sjølvsagt. Det vil alltid vere sterke krefter som ikkje ynskjer ein klar distrikts- og regionalpolitikk. 

No er oppgåva å finne suksessoppskrifta for dei neste tiåra.
Kunsten å byggje landet er ein kunst me må fornye.

Dagens programleiar kan vere eit døme på korleis makttilhøva i Noreg har endra seg gjennom tidene. Ho kjem frå øya som var det første kongssete i Noreg, er utdanna i dei to siste hovudstadane.
De kjenner ho kanskje best som nyhetsanker i TV2.
No er ho gründer med eige firma.
Ta godt imot Siri Lill Mannes