Historisk arkiv

Forenklar og forbetrar behandlinga av sals- og skjenkjeløyve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa sender på høyring eit forslag om at kommunane slepp å sakshandsame alle kommunale sals- og skjenkjeløyve kvart fjerde år viss dei ikkje endrar skjenkjepolitikken.

I dag er det slik at kommunane må fornye alle kommunale sals- og skjenkjeløyve kvart fjerde år, uavhengig av om dei ønskjer å endre skjenkjepolitikken.

– Realiteten er at dei fleste løyve vert fornya, men fornyingsprosessen inneber betydeleg bruk av ressursar for kommunane og for næringa. Regelverket er tungvint og byråkratisk. Difor foreslår vi no ei forenkling og forbetring av regelverket som vil spare både kommunane og næringa for bruk av betydelege ressursar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Regjeringa foreslår to alternative forslag i høyringa:

  • At hovudregelen er at løyve skal fornyat kvart fjerde år, men kommunane kan, etter ein gjennomgang av skjenkjepolitikken, vedta at løyva løper fire nye år utan ny saksbehandling.
  • At hovudregelen er at løyve løper inntil vidare, men nytt kommunestyre kan vedta å gjennomføre fornyingsprosess viss dei ønskjer det.

Begge alternativa legg til grunn at kommunane etter eit kommuneval skal foreta ein gjennomgang av alkoholpolitikken, også skjenkjepolitikken og vurdere behovet for fornying eller endring av vilkår.

Ordninga vert gjort fleksibel ved at det også vert opna for at kommunen kan avgjere at kun nokre typar løyve skal fornyast eller at kun vilkåra i gjeldande løyve skal endrast.

Les høyringsdokumentene

Høyringsfrist er 24. april 2015.