Historisk arkiv

Foreslår 4 000 nye tiltaksplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

For å møte ein noko vanskelegare arbeidsmarknad foreslår Regjeringa å auke nivået på arbeidsmarknadstiltaka for arbeidslause i 2016 med 4 000 plassar, samanlikna med tiltaksnivået i saldert budsjett 2015.

Auken vidarefører og styrker tiltakssatsinga til Regjeringa frå revidert nasjonalbudsjett for 2015. Tiltaksnivået for personar med nedsett arbeidsevne vert ikkje endra. Innanfor den samla budsjettramma for arbeidsmarknadstiltaka vil det vere rom for auka bruk av tiltaket bedriftsintern opplæring (BIO) i regionar med høg arbeidsløyse og store omstillingsbehov i næringslivet. Regjeringa har, etter innspel og god dialog med partane i arbeidslivet, utvida læretida for kvar deltakar i BIO til inntil 26 uker.

Lange periodar utanfor arbeidslivet kan føre til varig svak tilknyting til arbeidslivet. Dette er særleg skadeleg for unge. 

– Regjeringa foreslår ei ungdomspakke som skal motverke at unge fell utanfor utdanning og arbeidsliv og sørge for at dei kjem raskt over i opplæring og aktivitet. 1 000 plassar av den føreslegne tiltaksstyrkinga for arbeidslause inngår i ungdomspakka, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

I tillegg foreslår regjeringa at det vert oppretta eit nytt toårig opplæringstiltak i regi av Arbeids- og velferdsetaten for personar med svake grunnleggande ferdigheiter. Arbeidslause med lita eller inga arbeidserfaring skal kunne få arbeidstrening som ein del av eit heilskapeleg kompetanseløp i samarbeid med fylkeskommunen, med mål om at dei gjennomfører vidaregåande opplæring.

Talet på permitterte har auka mykje det siste året, men frå eit lågt nivå. Ein ventar ytterlegare auke som følgje av ein usikker etterspørselssituasjon i mange bransjar. Endringane i permitteringsregelverket frå sommaren 2015 vil trekkje i same retning. Ein endrar reglane slik at permitterte med dagpengar kan fortsette påbyrja utdanning.