Historisk arkiv

Foreslår betre tilrettelegging for aktørar innan kystkultur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Vi har eit ansvar for å ta vare på og byggje opp kystkulturen vår. Mange organisasjonar tilbyr i dag turistar og andre gjester opplevingsturar som viser tradisjonane og kulturen vi har innan fiske. Det er viktig å leggje til rette for desse aktørane, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fartøy som ikkje er førde opp i merkeregisteret til Fiskeridirektoratet kan i dag berre nytte avgrensa typar fiskereiskapar. Eit høve til å gje dispensasjonar vil gjere det mogleg for aktørane å nytte også andre typar reiskapar i tilbodet sitt til turistar og andre gjester. 

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag til endring av reglane om reiskapsavgrensingar for fartøy som ikkje er merkeregistrerte. Forslaget går ut på å gjere det mogleg å dispensere frå dei generelle reiskapsavgrensingane i denne føresegna av omsyn til kystkulturen.

Det er ein føresetnad at det blir ført ein streng praksis med kven som skal få slik dispensasjon. I forslaget er det lagt opp til at dispensasjon berre skal giast til museum, foreiningar, stiftingar og liknande som har som særskilt formål å fremme og ta vare på kystkultur. Det blir vidare foreslått at dispensasjon berre skal giast i ”særskilte tilfelle” dersom fiske med den omsøkte reiskapen er ”nødvendig” for å fremme kystkulturformål.