Foreslår fire millionar kroner ekstra til butikkar i distrikta gjennom Merkur-programmet i 2017

Merkur-programmet bidreg til å oppretthalde og vidareutvikle tilbodet av daglegvarebutikkar i område med små marknader. - Vi ønsker ein enklare kvardag for innbyggarane og at det skal vere mogeleg å bu i heile landet. Eit viktig bidrag er å ha eit godt daglegvaretilbod nær der folk bur i distrikta. Å samle ulike tenester i butikken bidreg også til betre tenester, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

- Den store interessa for investeringsstøtte syner at det er stor framtidstru hos distriktsbutikkar rundt om i Noreg. Når vi no fyller opp potten for denne støtteordninga håper eg at det kjem inn mange nye, gode søknadar. Gjennom Merkur-programmet får vi styrka tilgangen til grunnleggande, private tenester i område med få innbyggarar. Dette er god distriktspolitikk, seier Jan Tore Sanner.

Merkur forvaltar ei investeringsstøtteordning, kor butikkdrivarane kan søke om tilskot for å modernisere og vidareutvikle butikkane sine. Etterspurnaden etter investeringsstøttemidlane har vore stor i 2017, og heile løyvinga til dette føremålet blei brukt opp allereie i september. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med fire millionar kroner for 2017, slik at butikkane kan halde fram med det viktige arbeidet med å utvikle butikkane. Dette er midlar som går til konkrete tiltak som har stor verknad for dei lokalsamfunna som får eit betre tenestetilbod. Dette inneber at løyvinga for 2017 blir auka frå 37,3 millionar kroner til 41,3 millionar kroner. For 2018 blir det sett av 48.3 millionar kroner til Merkur-programmet etter budsjettforliket.

- Mange av butikkane har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hos butikkdrivaren og i lokalbefolkninga. Nasjonale styresmakter støttar opp om denne lokale krafta og vilja til å utvikle lokalsamfunnet, gjennom Merkur-programmet, seier statsråd Sanner.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00