Historisk arkiv

Foreslår fire vekers frist for fylkeskommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fylkeskommunane bør ha ein saksbehandlingsfrist på fire veker når det gjeld dei nye konsesjonane for laks og aure som skal tildelast i 2009, meiner Fiskeri- og kystdepartementet.

Fylkeskommunane bør ha ein saksbehandlingsfrist på fire veker når det gjeld dei nye konsesjonane for laks og aure som skal tildelast i 2009, meiner Fiskeri- og kystdepartementet.

Departementet sende ved nyttår ut på høyring eit forslag til forskrift om tildeling av 65 nye løyve for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Fylkeskommunane skal konsulterast i denne prosessen, og departementet foreslår no at dei skal ha ein behandlingsfrist på fire veker.

Høyringsfristen for forslaget om behandlingsfrist er 12. mars.