Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

Foreslår gratis eigedomsdata

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Tilgang til offentlege data er viktig for verdiskaping og innovasjon i mange verksemder. Regjeringa foreslår derfor 11 millionar kroner til frikjøp av eigedomsdata frå Kartverket, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Data om fast eigedom frå grunnboka og matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom i Noreg) er verdifulle og har mange bruksområde. Mange verksemder, særleg mindre aktørar i oppstartfasen, kan nyttiggjere seg slike data for å utvikle nye produkt eller integrere eigedomsdata i eksisterande løysingar.

– Gratis eigedomsdata har vore eit ønske frå næringa i fleire år. No gjer regjeringa denne digitale skattkista tilgjengeleg utan brukarbetaling, seier Astrup.

Eigedomsdata omfattar mellom anna data om tinglyst heimel, pengehefte og bruksrettar frå grunnboka og eigedomsgrenser frå matrikkelen. I dag sel Kartverket slike data for 10-11 millionar kroner årleg og nytter inntekta til utvikling og drift av matrikkelen. Med regjeringa sitt forslag vil desse kostnadene bli dekt av staten.

– For fleire store aktørar har dette vore ein høveleg pris, mens for gründerar og mindre verksemder kan det vere for dyrt om ein er usikker på når eit nytt produkt vil gje inntening, seier Astrup.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 0