Foreslår investeringar for over to milliardar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår investeringar for meir enn to milliardar i investeringsproposisjonen som er send Stortinget. Dei to milliardane skal gå til artillerilokaliseringsradar, artillerisystem og infrastruktur og utbygging på Værnes og Porsangmoen.

K-9 artilleri under øvelsen Cold Response på Bardufoss.
K-9 artilleri under øvelsen Cold Response på Bardufoss. Foto: Forsvaret

– Vi vil rusta opp Værnes og Porsanger, styrka Hæren med meir artilleri og gje HV eigne sikringsstyrker. Med desse endringane vil forsvarsevna og særleg kampevna til Hæren auke, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen.

Rustar opp Værnes og Porsanger

Dei to nye prosjekta er knytt til Porsangmoen der Hæren og Heimevernet sine avdelingar i Finnmark er samla under ei felles leiing og til Værnes der aktiviteten skal aukast vesentleg.

På Porsangmoen er investeringssaka eit prosjekt for eigedom, bygg og anlegg for materiell. Prosjektet er naudsynt for å få nok garasjar, kunne gjennomføre opplæring og kunne halde ved like materiellet til Kavaleribataljonen på Porsangmoen. Alle tiltaka er planlagt å vera ferdige i 2025, og den tilrådde kostnadsramma er 363 millionar kroner.

På Værnes gjeld investeringssaka infrastruktur. Mykje av det som er der i dag må moderniserast og tilpassast. I tillegg må noko nytt etablerast slik at det vert i samsvar med nye krav i lovar og forskrifter og tilrettelagt for framtidig utbygging. Prosjektet skal mellom anna sikre forsyninga av vatn og elektrisitet gjennom å utbetre anlegga for begge. Store delar av fjernvarmenettet er i dårleg stand og treng modernisering. Prosjektet er planlagt å stå ferdig innan utgangen av 2024, og kostnadsramma er 283 millionar kroner.

Ei sterkare landmakt
Hæren har tidlegare vert styrka med ein nyoppretta fjerde mekanisert bataljon i Brigade Nord og ved at 2. bataljon vart væpna om til ein mekanisert bataljon, men ein større hær treng meir materiell. To prosjekt som skulle gje Hæren nytt materiell var tilpassa den gamle strukturen, og desse prosjekta treng difor ei endring. Dei to investeringsprosjekta som er foreslått endra, er artillerilokaliseringsradar og artillerisystem.

Tilleggsanskaffinga på inntil tre nye artillerilokaliseringsradarar vert gjort gjennom utløysing av ein opsjon i den tidlegare inngåtte kontrakten. Leveransane er planlagde innan utgangen av 2027, og kostnadsramma er foreslått auka med 646 millionar kroner, til 2218 millionar kroner.

Tilleggsanskaffinga av artillerisystem skjer og gjennom utløysing av ein opsjon i den inngåtte kontrakten. Talet på einingar avheng av komande forhandlingar om pris. Leveransane er planlagt frå 2024 til 2026, og kostnadsramma er foreslått auka med om lag 1000 millionar kroner, til 4726 millionar kroner.

Eigne sikringsstyrker til HV

Heimevernet har ei sentral rolle knytt til sikring av vitale objekt og nøkkelinfrastruktur, og dei har eit stort tal desentraliserte oppsetjingsstader. For å sikre desse er ei ordning med eigne sikringsstyrker under innføring. Ordninga inneber at eit mindre tal utvald personell vil oppbevare våpen og ammunisjon heime. Tiltaket er eit godt og naudsynt beredskapstiltak. Tilsvarande tiltak kan og være aktuell for andre avdelingar i Forsvaret med særskilte behov.

Ser på løysningar for NH90

NH90 er ei krevjande sak. I proposisjonen vert Stortinget orientert om gjennomgangen forsvarsministeren har starta av den maritime helikopterkapasiteten og om mogleg innleie av helikopter for å dekkje delar av behovet til Kystvakta.