Historisk arkiv

Foreslår jamnare fordeling av kommunane sine inntekter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår ei jamnare fordeling av inntektene mellom kommunane og ein meir føreseieleg kommuneøkonomi. - I tillegg ønskjer vi nye tiltak for vekstkommunar, eit nytt distriktstilskot og eit eige Oslo-tilskot, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa foreslår ei jamnare fordeling av inntektene mellom kommunane og ein meir føreseieleg kommuneøkonomi. - I tillegg ønskjer vi nye tiltak for vekstkommunar, eit nytt distriktstilskot og eit eige Oslo-tilskot, seier kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Kommunane har hovudansvaret for grunnleggjande velferdstenester som skule og eldreomsorg. For desse tenestene kan vi ikkje akseptera for store ulikskapar mellom kommunar, og heller ikkje for store svingingar i tilbodet frå år til år, seier Kleppa.

- Det er godt dokumentert at inntektsskilnader er den viktigaste årsaka til forskjellar i tenestetilbodet mellom kommunar. Det betyr at vi treng eit system med jamnare fordeling av inntektene og meir stabile og føreseielege inntekter, seier statsråden.

For å oppnå ei slik jamnare fordeling av inntektene, gjer regjeringa fleire endringar knytt til skatteelementa i inntektssystemet. Inntektsutjamninga vert auka, skattedelen redusert og den kommunale selskapsskatten avvikla i forslaget til nytt inntektssystem for kommunane.

Regjeringa ser også at ein del kommunar har heilt spesielle utfordringar.
- Vi ser at ein del kommunar i Sør-Noreg har dei same utfordringane som mange nordnorske kommunar. Derfor vert det distriktspolitiske tilskotet i inntektssystemet endra. Slik får større kommunar innan det distriktspolitiske verkeområdet i Sør-Noreg eit distriktstilskot. Kommunane i Namdalen får same tilskot som tilsvarande kommunar i Nordland, seier Kleppa.

Regjeringa ønskjer dessutan å innføra eit eige tilskot for hovudstaden på 300 millionar kroner årleg på grunn av dei særskilde utfordringane Oslo har. I tillegg skal kommunar med spesielt høg befolkningsvekst få eit eige tilskot. Regjeringa foreslår dessutan endringar i bruk av teljetidspunkt og ei ny overgangsordning i inntektssystemet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.