Historisk arkiv

Forlenga drift av Loran-C ved dei norske stasjonane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa vil vidareføre drifta ved dei fire norske Loran-C stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og Fjordane), Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan Mayen i 2006. Bakgrunnen er fornya interesse for dette bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa.

Pressemelding

Nr.: 90/2005
Dato: 09.12.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37 / 91 54 42 35

Forlenga drift av Loran-C ved dei norske stasjonane

Regjeringa vil vidareføre drifta ved dei fire norske Loran-C stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og Fjordane), Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan Mayen i 2006. Bakgrunnen er fornya interesse for dette bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa.

Noreg har sagt opp den nordvesteuropeiske samarbeidsavtalen om Loran-C-samarbeidet (NELS-avtalen). Det har vidare vore bestemt at Noreg skal stanse drifta av Loran-C frå 1.1.2006. Danmark, Tyskland, Nederland og Irland har også vedteke å trekkje seg frå avtalen. Frankrike vil vidareføre drifta av Loran-C.

Det er no fornya interesse i Europa for å etablere Loran-C som eit backup-system for satellittbaserte navigasjonshjelpemiddel, men det er i dag ingen endeleg avklaring i saka. Fiskeri- og kystdepartementet har blant anna fått oppmodingar frå EU og frå britiske og franske styresmakter om vidare drift av Loran-C. Storbritannia har starta nasjonal prøvedrift av Loran-C, medan Frankrike har bestemt å vidareføre systemet til 2015.

Også Russland har vist interesse for vidare norsk drift, og eit muleg samarbeid med det tilsvarande russiske navigasjonssystemet – Chayka.

- Regjeringa gjer difor framlegg til Stortinget om å vidareføre drifta ved dei fire norske Loran-C stasjonane i 2006. Dei avgjerder som vert tatt i Europa i 2006 når det gjeld val av backup-system blir retningsgjevande for kva som vil skje med drifta av Loran-C ved dei norske stasjonane etter 2006, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Til toppen