Historisk arkiv

Fornya åremål for administrerande direktør i Statsbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Administrerande direktør i Statsbygg, Harald Vaagaasar Nikolaisen, har i statsråd i dag fått forlenga sitt åremål for ein periode på seks år. Han tiltredde stillinga som administrerande direktør 1. juli 2013.

I rolla som statleg byggherre har Statsbygg dei siste åra hatt eit svært høgt aktivitetsnivå med mange store og komplekse byggeprosjekt. Attpåtil har Harald Vaagaasar Nikolaisen utført interne omorganiserings- og effektiviseringsprosessar for å gjere Statsbygg tilstrekkeleg endringsdyktig og fleksibel.

– Eg er godt nøgd med korleis Nikolaisen har utøvd sin direktørrolle dei siste seks åra, og glad for at han no går laus på ein ny åremålsperiode, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00