Forsking gir meir klimavennleg gardsdrift

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), viser at klimagassutsleppa frå jordbruket gjekk ned med 0,9 prosent frå 2018 til 2019. Dette svarar til 37,5 tusen tonn CO2-ekvivalentar. Forsking er grunnleggjande for omstilling til eit meir berekraftig jordbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Å få redusert klimagassutsleppa har vore prioritert, både i jordbruksoppgjeret og gjennom Landbruks- og matdepartementet sine løyvingar til forsking dei siste åra. Ei ny undersøking viser at bøndene allereie er godt i gang med klimatiltak på eigen gard.

På rett veg

Regjeringa la 8. januar fram klimameldinga. Klimaendringane og krav om klimakutt i jordbruket gjer at matproduksjonen må byggje på ny og oppdatert kunnskap. I tillegg til kunnskap som gjer oss i stand til å tilpasse produksjonen til eit endra klima, er forsking og innovasjon naudsynt for å leggje til rette for eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

– Å få redusert klimagassutsleppa frå jordbruket er ei prioritert oppgåve, og vi er på rett veg. Forsking og teknologiutvikling vil gje viktige bidrag til ytterlegare utsleppskutt i tida som kjem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Klimatilpassa og berekraftig matproduksjon har stått sentralt i Landbruks- og matdepartementet sine prioriteringar på forskingsområdet dei seinare åra, og det er finansiert fleire prosjekt med lovande resultat for ein meir klimavenleg produksjon av mat.

Saken fortsetter under bildet.

Jordbrukslandskap.
Klimagassutsleppa frå jordbruket gjekk ned med 0,9 prosent frå 2018 til 2019. Foto: Torbjørn Tandberg

Klimagassreduserande tiltak på gardsnivå

Prosjektet CLIMPLEMENT, som blir leia av Forskingsinstituttet Ruralis, skal finne ut kva som mogleggjer klimagassreduserande tiltak på gardsnivå. Målet er å utvikle og formidle kunnskap som bidreg til at utsleppsreduserande og meir kostnadseffektive driftsmodellar kan bli gjennomført. Prosjektet omfattar vidareutvikling av rådgivingstenester og utdanningsprogram om klimavenleg gardsdrift.

50 prosent av bøndene har gjennomført tiltak

Innleiande analysar viser at over 50 prosent av bøndene allereie har gjennomført, eller planlegg å gjennomføre, eit eller fleire av dei følgjande tiltaka: presisjonsspreiing av husdyrgjødsel, forbetring av grovfôr og forbetra drenering. Felles for desse tiltaka er at dei i tillegg til å redusere klimagassutsleppa, er økonomisk lønsame for bonden. Ein viktig føresetnad for bøndene når det gjeld innføring av relevante tiltak, er at tiltaka let seg kombinere med den allereie etablerte drifta.

Tidlegare gjennomførte undersøkingar viser at kombinasjonen av økonomisk premiering, forskriftsendring og lokal medverking i form av rådgjeving frå kommune og fylkesmann, samt involvering av lokale bondelag, har vore nødvendig for å oppnå dei resultata ein ønskjer.

Prosjektet skal vere ferdig i 2022, og du kan lese meir om det på: