Historisk arkiv

Forsking i årets julekalender

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I år finn du historier om landbruks- og matforsking frå Noreg  sine forskingmiljø i Landbruks- og matdepartementet sin julekalender.

I 2016 har Landbruks- og matdepartementet løyvd 256,065 millionar kroner til forsking på landbruk og mat. Pengane blir brukt til å forske på matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og bærekraftig landbruk, som er dei fire landbruks- og matpolitiske hovedmåla.

– Norsk landbruk er avhengig av forsking og utvikling for å auke matproduksjonen, gje betre lønsemd til bonden og høg effektivitet over heile landet. Noreg har sterke forskingsmiljø som stadig gjev ny kunnskap og legg difor eit viktig grunnlag for å auke konkurransekrafta og handtere utfordringar i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Bak kvar av dei 24 lukene finn du aktuelle forskingsprosjekt og eit spørsmål knytt til saka. Kvar dag trekker vi ein vinnar av eit flott kjøkkenforkle frå Landbruks- og matdepartementet. Svarar du riktig på alle spørsmåla i julekalenderen er du og med i trekninga av ein iPad mini 4. Julekalenderen tek mellom anna for seg forsking på korleis droner og roboter blir brukt i landbruket, og korleis biokull kan bli ein viktig bidragsytar for å oppnå eit klimanøytralt landbruk. Meld deg på julekalenderen i linken under.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember.
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet gjev penger til Norges forskningsråd, Norsk institutt for bioøkonomi, Norsk senter for bygdeforskning og Veterinærinstituttet som gjev ny kunnskap om norsk landbruk.