Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø besøker Agder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: Presseinvitasjon | Dato: 09.11.2018
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) deltek måndag 12. november på jubileumsmiddagen Ansgar Teologiske Høgskole og Ansgar Bibelskole har for å markere at det er 30 år sida dei flytta frå Oslo til Kristiansand. Nybø besøker også Lister kompetanse i Lyngdal.
Forskings- og utdanningsminister Iselin Nybø vil besøke Lister kompetanse for å få informasjon om deira arbeid med desentraliserte utdanningstilbod i Lister-regionen.
Nybø vil også halde tale under jubileumsmiddagen Ansgar Teologiske Høgskole og Ansgar Bibelskole har for å markere at det er 30 år sida dei flytta frå Oslo til Kristiansand.
Program:
Klokka 10.30: Statsråden besøker Lister kompetanse i Lyngdal. Stad: Lister kompetanse, Stasjonsgata 26, Lyngdal
Klokka 17.00: Statsråden held tale under jubileumsmiddagen til Ansgar Teologiske høgskole og Ansgar Bibelskole.
Stad: Fredrik Fransons vei 4, 4635 Kristiansand.
Det vil vere høve til å intervjue statsråden i Lyngdal om det er ønskeleg.
Kontaktpersonar:
Kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ragnhild I. Skaara Imset, rask@kd.dep.no, 93435930.