Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Klepp

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vitjar torsdag 22. august RobotNorge AS i Klepp.

RobotNorge AS er landets leiande robotiseringsselskap. Dei har 30 års erfaring innan sal, prosjektering, installasjon og service av automatiseringsløysingar for norsk industri, med robotar som eit naturleg midtpunkt.

Besøket er ein del av statsrådens innspelsturné til den komande stortingsmeldinga om samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidsliv. Målet er å få innspel om korleis regjeringa kan legge til rette for at utdanningsinstitusjonar og næringslivet kan samarbeide betre om kompetanse og forsking, og sjå praktiske eksempel på slikt samarbeid.

Program torsdag 22. august: 

08.15 – 09.45

RobotNorge AS

Adresse: Bedriftsvegen 25, 4353 Klepp Stasjon

 

Kontakt:
Dersom pressa ønsker å delta, kan dei ta kontakt med politisk rådgjevar Kjartan Almenning på tlf 958 40 227,  kjal@kd.dep.no for nærare avtale.

Til toppen