Historisk arkiv

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Molde og Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vitjar onsdag 21. august Oshaug Metall AS i Molde og Atlanterhavsparken i Ålesund.

Hos Oshaug Metall vil statsråden mellom anna få høyre om bedrifta sitt samarbeid med Høgskolen i Molde. Besøket er ein del av statsrådens innspelsturné til den komande stortingsmeldinga om samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidsliv. Målet er å få innspel om korleis regjeringa kan legge til rette for at utdanningsinstitusjonar og næringslivet kan samarbeide betre om kompetanse og forsking, og sjå praktiske eksempel på slikt samarbeid.

Vidare vil statsråden vitje Atlanterhavsparken i Ålesund saman med Møreforskning Ålesund AS og Møre Ocean Lab. Atlanterhavsparken er tildelt regional vitensenterstatus og er no i gang med forprosjektet om å bli det første marine vitensenteret i Noreg. Føremålet til vitenprogrammet er å auke interessa for realfag hos barn, unge og allmenta. Dette er viktig for å auke kunnskapen om livet i havet og dei moglegheitene det gjev oss.

Program onsdag 21. august:

 

09.15

Oshaug Metall AS,

Adresse: Grandfjæra 20, Molde

 

12.15

 

Atlanterhavsparken
Adresse: Tueneset, Ålesund

 

 

Kontakt:
Dersom pressa ønsker å delta, kan dei ta kontakt med politisk rådgjevar Kjartan Almenning på tlf 958 40 227,  kjal@kd.dep.no for nærare avtale.