Vis hele kalenderen

20.02.2018

  • Forskings- og høgare utdanningsministeren til Stavanger

    Iselin Nybø| Kunnskapsdepartementet

    Tysdag 20. februar kjem statsråd Iselin Nybø til Stavanger. Ho skal besøke lærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Lesesenteret.

    Program: 

    10.00-12.00         Statsråden besøker lærarutdanningane og digital didaktisk verkstad.  
                                Nybø vil mellom anna få høyre korleis UiS bruker teknologi i                                      

    utdanninga av framtidas lærarar, som virtual reality (VR), elektroniske spel og programmering av robotar.

    Adresse: Rom U-205, Hagbard Lines hus (Telegrafdirektør Heftyes vei             35), UiS
    Media er velkomne på heile seansen eller frå klokka 11.00

            

    13.00-14.00         Statsråden besøker Lesesenteret
    Senteret har ansvar for leseopplæring og leseutvikling på nasjonalt    plan. Statsråden skal mellom anna få informasjon om korleis Lesesenteret arbeider inn mot lærarutdanningane for å gi born og unge god leseundervising.             

    Adresse: OD-bygget (Professor Olav Hanssens vei 10, UiS) 

    Kontakt:

    Det blir høve til å intervjue statsråden. Ta kontakt med politisk rådgivar Kjartan Almenning på Kjartan.Almenning@kd.dep.no eller 958 40 227.