Forskingsprogram om kultur- og mediesektoren

Regjeringa har vedtatt å etablere eit forskingsprogram for kultur- og mediesektoren under Noregs forskingsråd. Programmet skal gå over fem år og får ei årleg løyving på om lag 15 millionar kroner. Programmet vil starte i 2014.

- For å skape god politikk framover treng vi meir forsking om kultur- og mediefeltet, seier kulturminister Thorhild Widvey. - Forsking kan aldri erstatte politisk skjønn, men forskingsbasert kunnskap kan leggje grunnlag for gode kulturpolitiske avgjerder. Forsking kan dessutan utfordre og nyansere etablerte kulturpolitiske sanningar og tydeleggjere alternative kulturpolitiske vegval, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Kulturdepartementet vil no gå i dialog med Noregs forskingsråd om å utarbeide programmet og vurdere korleis departementet kan få dekt kunnskapsbehovet sitt på best mogleg måte.