Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim besøker Stavanger måndag 31.august

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) skal mellom anna opne den heilt nye studentbyen Gosen ved Universitetet i Stavanger, besøke Fagskulen Rogaland og kafeen Bak til livet.

Måndag vil statsråd Asheim klippe snora og opne 160 splitter nye studentbustadar på Universitet i Stavanger sin campus. 

Asheim vil også besøke Fagskulen i Rogaland som har fått midlar til nye studieplassar. Dette er blitt eit viktig tilbod for dei som har blitt ramma av permitteringar eller for dei som har mista jobben under korona-krisa. 

Statsråden vil også ta turen innom kafeen "Bak til livet", ein kafé som gir arbeidstrening til dei som har falt utanfor det tradisjonelle arbeidslivet. 

Program måndag 31. august:

Tid: Klokka 09.45 – 11.30: Opning av Gosen studentby

Stad: Universitetet i Stavanger, Kjell Arholms gate 41

Tid: Klokka 12.40 – 13.50: Omvising Fagskolen Rogaland

Stad: Tjuvholmveien 40

Tid: Klokka 14.00 – 15.00: Besøke "Bak til Livet"

Stad: Nytorget 15

 

Kontakt: Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald på telefon 98 66 97 37  eller pr. e-post på [email protected]