Historisk arkiv

Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2018

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

I kyststatsforhandlingen om nvg-sild blei det 7. desember inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 435.000 tonn.

Samme dato blei det også inngått ein avtale mellom Noreg og EU som gir norske fartøy åtgang til å fiske 25.487 tonn nvg-sild i EU-sona nord for 62 grader nord.

Noreg har satt seg ei kvote på 304.500 tonn, noko som inneber ein norsk andel på 70 prosent. Av dette er det satt av 1.115 tonn for forskings- og forvaltingsføremål, 639 tonn til rekrutteringskvoteføremål og 500 tonn til agnkvoter.

For å få eit større erfaringsgrunnlag i reguleringa av åpen gruppe kyst, blir prøveordninga vidareført i gruppa også 2018.

Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2018.