Forskrift om tilskot til opplæring av sesongarbeidarar i grøntnæringa

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett Midlertidig forskrift om tilskudd til opplæring av arbeidstakere i sesongbasert arbeid i grøntnæringen. Forskrifta trer i kraft umiddelbart.

På grunn av strenge innreiserestriksjonar som følgje av covid 19-pandemien, har grøntnæringa utfordringar med å få tak i arbeidskraft. For å bidra til at grøntnæringa får auka tilgang på arbeidskraft i inneverande sesong, og for å kompensere for kostnadsauke knytt til arbeidskraft med behov for opplæring, har Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett gjort framlegg om å løyve 40 millionar kroner til ei mellombels refusjonsordning som skal dekke opplæring for sesongarbeidarar i grøntnæringa. Det vert teke atterhald om at Stortinget sluttar seg til forslaget.