Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Forslag om deling av studieforbundsordninga

- Regjeringa foreslår å dele studieforbundsordninga mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Målet er å sikre betre kvalitet i ordninga. Forslag til endringar i lov om vaksenopplæring med forskrifter skal sendast ut på høyring til hausten, sa kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande då ho besøkte årsmøtet i Vaksenopplæringsforbundet.

Studieforbundsordninga skal bidra til folkeopplysing og kompetanse på sida av vanleg utdanning. Studieforbunda gir viktige bidrag til vaksenopplæringa, men Regjeringa meiner det er naudsynt med meir effektivitet og betre måloppnåing innanfor  studieforbundsordninga.

- Ordninga liggr i dag under Kunnskapsdepartementet. Ved å leggje delar av ordninga under Kulturdepartementet vil vi i større grad kunne oppnå kompetansepolitiske og integreringspolitiske mål på den eine sida, og frivillighetspolitiske og kulturpolitiske mål på den andre sida. Eg ønskjer at studieforbunda som fortsatt skal liggje under Kunnskapsdepartementet mellom anna skal bidra til god integrering og at vegen over til formell opplæring kan bli kortare. Delinga vi foreslår vil styrkje tilbodet for brukarane, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringa foreslår å dele tilskotsordninga til studieforbund juridisk, forvaltningsmessig og budsjettmessig mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Aktivitet innenfor studieforbund som kan bidra til å nå kompetansepolitiske og integreringspolitiske mål skal forvaltast av Kunnskapsdepartementet, medan aktivitet som bidreg  til å oppfylle kulturpolitiske- og frivilligheitspolitiske mål skal forvaltast av Kulturdepartementet.  

- Studieforbund bidrar til å styrkje fellesskap, til refleksjon og sjølvstende som gjer den enkelte trygg på eigne val. Dette er demokratiopplæring på grunnplanet, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande. 

– Vi må tenkje meir heilskapleg på korleis vi skal organisere vaksenopplæringa for å sikre at vi har treffsikre og effektive ordningar. Delinga av studieforbundsordninga vil vareta opplæringsaktiviteten i dei frivillige organisasjonane og i det frivillige kulturlivet på ein god måte, seier Trine Skei Grande. 

Til toppen