Historisk arkiv

Forslag om endring av akvakulturloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Regjeringa legg no fram forslag om to endringar i akvakulturloven for Stortinget, og dermed er vi i gang med å gjennomføre tiltaka i strategien for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring som regjeringa la fram 1. april i år, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Forslaga til lovendringar heng saman med omsynet til miljø og arealdisponering, og er ei oppfølging av berekraftstrategien.

Forslaga er å innføre rett til å
- endre prosedyrane for saksbehandlinga ved tildeling av løyve til oppdrett
- pålegge flytting av oppdrettsanlegg ut frå overordna samfunns- og næringsomsyn

Løyve til anna oppdrett enn laks, aure og regnbogeaure blir i dag tildelt utan at talet på løyve er avgrensa. Loven legg i dag opp til at styresmaktene har ei plikt til å behandle søknader etter kvart som dei kjem inn. Dette kan føre til at bruken av areal ikkje blir optimal, og kan derfor få negative nærings- og miljøkonsekvensar. Særleg aktuelt vil det vere å kunne stanse tildelinga heilt eller delvis i periodar eller i bestemte geografiske område. Det er også eit poeng å kunne styre utviklinga ved å lyse ut ei avgrensa mengde løyve i eit bestemt område.

- Dette vil medverke til at styresmaktene kan sjå tildelinga av løyve i ein større samanheng utover den enkelte søknaden, påpeiker Helga Pedersen.
Loven gjev i dag ikkje høvelege reiskapar til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg sjølv om overordna samfunns- og næringsomsyn tilseier at det er nødvendig eller tenleg. Formålet med denne lovendringa er å kunne få til betre lokalitetsstrukturar.

- Dette kan gje meir rasjonell drift som tar betre vare på blant anna fiskehelse og miljø, seier Helga Pedersen.

Regjeringa foreslår at flyttekostnadene ikkje skal berast av den oppdrettaren som må flytte, men til dømes av oppdrettarane i det aktuelle fjord- eller kystområdet i fellesskap gjennom ei fondsløysing.

Kontaktperson: Seniorrådgiver Martin Bryde 97040049

Til toppen