Historisk arkiv

Forslag om oppheving av boklova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa fremmer i dag lovproposisjon om oppheving av boklova for Stortinget. – Bra for lesarane, forfattarane og litteraturen sjølv, seier kulturminister Thorhild Widvey.

– Regjeringa vil føre ein offensiv og moderne litteraturpolitikk til beste for forfattarane, lesarane og utviklinga av litteraturen sjølv. Målet er breidde, mangfald og kvalitet i norsk litteratur og god tilgjenge i heile Noreg, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Regjeringa vil i det vidare òg legge vekt på konkurransefremmande omsyn i rammevilkåra for boknæringa. Det tas sikte på å føre vidare ei forskrift om unntak frå konkurranselova slik at bokbransjen kan forhandle fram ein ny og vidareutvikla bokavtale,

Regjeringa foreslår for Stortinget at boklova opphevas i Stortingsproposisjon 33 L (2013-2014). Boklova vart vedteken av førre Storting, men har enno ikkje tredd i kraft.