Historisk arkiv

Forslag til endring av dyrevelferdslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa har fremma Prop. 30 L (2017-2018) om endringar i lov om dyrevelferd (omplassering og salg av dyr i midlertidig forvaring mv.).

Det følger av lov om dyrevelferd § 32 at Mattilsynet om nødvendig kan ta dyr i mellombels forvaring eller på annan måte syte for at dyret får nødvendig tilsyn og stell. Det blir no gjort framlegg om ei lovendring som vil gi Mattilsynet høve til å omplassere eller selje dyr som er tatt i midlertidig forvaring, sjølv om eigaren ikkje samtykker til dette.  I dag er det eit krav om samtykke. Dette kan føre til at dyr som kan leve godt hos ny eigar, likevel vert avliva. 

– Med den endringa som no vert foreslått, får Mattilsynet betre moglegheit til å selje eller omplassere vanskjøtta dyr som er tekne i mellombels forvaring, og som det ikkje er forsvarleg å levere attende til dyreeigar. 
– Forslaget vil gjere det mogleg å løyse desse sakene på ein betre måte. Det vil også kunne lette ressursbruken til Mattilsynet, som i dag legg ned ein del arbeid for å få eigar til å samtykke til eventuell omplassering, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Mellombels forvaring kan bli gjennomført for dyrehaldaren si rekning. Dersom det er nødvendig å avlive eit dyr som er tatt i mellombels forvaring, følger det av forslaget at dyrehaldar også kan bli ansvarlig for kostnadene til dette.