Historisk arkiv

Forslag til lovendringar i folketrygdlova og nokre andre lovar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa har i dag, 1. november, sendt Proposisjon 10 L (2019–2020) Endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2019) til Stortinget.

Proposisjonen inneheld forslag til endringar i folketrygdlova, trygderettslova, arbeidsmarknadslova og lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg, som følgjer av forslag som er fremma i Prop. 1 S (2019–2020) for budsjettåret 2020 (statsbudsjettet).

Proposisjonen inneheld også nokre mindre forslag til endringar i trygderettslova, og enkelte tekniske endringar i folketrygdlova.