Forslag til postlov: Gode posttenester i den digitale framtida

- Overgangen til elektronisk kommunikasjon har endra måten som folk kommuniserer med kvarandre på. Då må òg lovverket vere tilpassa den verkelege utviklinga for post- og pakkeomdeling. Forslaget frå regjeringa til ny postlov er framtidsretta og legg til rette for gode posttenester for folk og næringsliv i heile landet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Lovforslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

Meir elektronisk kommunikasjon, mindre brevpost og meir internetthandel får følgjer for post- og pakkeomdeling. Regjeringa foreslår no å oppdatere lovverket frå 1996, mellom anna ved å samordne det med lovverk i andre land.

Postombering fem dagar i veka
- Dei siste 20 åra har det skjedd store endringar som følgje av digitaliseringa.  Brevmengda er redusert med heile 50 prosent frå 2000 til 2014. Denne utviklinga vil halde fram. På laurdagar blir det delt ut 75 prosent mindre post samanlikna med dei andre fem vekedagane. Med så små volum og så store faste kostnader er det naturleg å gå bort frå postombering på laurdagar , seier samferdselsministeren.     

Med avviklinga av laurdagsomdelinga blir det statlege kjøpet av posttenester frå Posten Norge AS redusert med om lag 400 millionar kroner i året.

Men laurdagsavisa kjem fram til lesarane 
- Vi har stor respekt for at laurdagsavisa er ferskvare. Regjeringa vil sikre at Posten står for laurdagsdistribusjon av aviser på stader der det ikkje er eigne avisbod. Då 85 prosent av hushalda i Noreg får avisene levert av eigne bod, gjeld dette om lag 15 prosent av marknaden. I høyringsrunda skisserte vi to løysingar, og innspela viste tydeleg at det er viktig å halde fram med laurdagsomdeling av aviser, seier Solvik-Olsen.

EUs tredje postdirektiv blir innført
I dag er det fri konkurranse for pakker og brev over 50 gram, medan Posten Norge AS har einerett på å levere brev med vekt opptil 50 gram. Å innføre EUs tredje postdirektiv inneber fri konkurranse på levering av alle brev og pakker.

- Konkurranse er sunt. Posten Norge har vore særs konkurransedyktig i den opne marknaden. Men konkurranse frå andre selskap om brev på under 50 gram er ikkje den største utfordringa for Posten Norge. Det er digitaliseringa. Folk flest, næringsliv, kommunar og staten sender stadig færre brev, seier samferdselsministeren.  

Vidarefører ordning med einskapsporto for enkeltbrev
Regjeringa går inn for å vidareføre ordninga med einskapsporto for enkeltsendingar av brev. Dette gjer at forbrukarane ikkje vil oppleve geografiske prisforskjellar når dei skal sende brev.

For massesendingar av brev blir det fri prissetting med det tredje postdirektivet. I dagens lovverk er det fri prissetting for alle brev over 50 gram, medan det er einskapsporto for alle brev under 50 gram.

Klagenemnd skal betre forbrukarvernet
Lovforslaget betrar forbrukarvernet ved at regjeringa legg opp til å etablere ei brukarklagenemnd.  

- Nemnda vil vere eit tilbod til forbrukarar og små verksemder for å få behandla klagesaker om posttenester. Plassering av postkasse, forseinking, skade på postsending og vidareformidling av post er døme på klagesaker, seier Solvik-Olsen.   

Det blir lagt opp til at Brukarklagenemnda skal ha ei forenkla saksbehandling og gi rådgjevande utsegner. Loven legg opp til at det blir stilt krav til at alle tilbydarar skal ha ei klageordning for eigne brukarar. Klagene som kjem til Brukarklagenemnda skal som hovudregel allereie ha vore behandla gjennom klageordninga til tilbydaren av tenestene.

Storparten av innspela kom på e-post
Samferdselsdepartementet sendte forslaget til ny postlov på høyring 22. oktober 2014.

- Fram til tidsfristen gjekk ut 26. januar i år, kom det inn 141 høyringsfråsegn. Av desse innspela kom 117 på e-post. Dette illustrerer at elektronisk kommunikasjon i stor grad har teke over for tradisjonell brevpost, seier samferdselsministeren.     

 

For fleire opplysningar – sjå: