Historisk arkiv

Forsvarsministeren til München tryggingspolitiske konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide deltek på München tryggingspolitiske konferanse frå 31. januar – 2. februar 2014.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide deltek  på München tryggingspolitiske konferanse frå 31. januar – 2. februar 2014.

Konferansen, som i år markerer sitt 50 års jubileum, vert  rekna som ein av dei viktigaste tryggingspolitiske konferansane i Europa. Den samlar statsleiarar, ministrar, forskarar og andre leiarar frå heile verda til i eit ordskifte om noverande og kommande utfordringar.

Tema for årets konferanse er mellom anna  situasjonen i Syria, cybertryggleik, forsvarssamarbeid i Europa, globale maktendringar og  energi- og miljøtryggleik.

Les meir om konferansen her: https://www.securityconference.de/en/

Program: https://www.securityconference.de/en/activities/munich-security-conference/msc-2014/program/

Priv til red:
Pressekontakt for forsvarsministeren er Jan Flæte, telefon 94 87 69 98 eller pressevakt i Forsvarsdepartementet, telefon 2309 6011.