Historisk arkiv

Forsvarssektorens nærvær skapar positive økonomiske ringverknader for om lag 40 milliardar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

I 2020 fekk forsvarssektoren tildelt nærare 61 milliardar kroner frå statsbudsjettet. Av dette skapas det positive økonomiske ringverknader i Noreg for om lag 40 milliardar. Store delar gjekk tilbake til lokalsamfunn, og Nord-Noreg er landsdelen som fekk den største aukinga frå i fjor. Oslo og Troms og Finnmark er fylka der dei økonomiske ringverknadene til forsvarssektoren var størst i 2020, følgd av Trøndelag, Nordland og Vestland.

For å verne og vareta Noregs trygging, interesser og verdiar, blir det kvart år løyvd betydelege middel til forsvarssektoren. Midla blir nytta til eit breitt spekter av formål, eksempelvis kjøp av moderne materiell, lønningar og vedlikehald.

Bruken av midla forsvarssektoren får kvart år gir ofte positive økonomiske ringverknader til stadene der verksemdene til forsvarssektoren er lokaliserte. Verksemdene kjøper varer og tenester lokalt, og det gjer og dei tilsette.

Rapporten «Økonomisk effekt av nærværet til forsvarssektoren i 2020» viser den økonomiske effekten av forsvarssektorens nærvær fordelt på fylkes- og regionnivå. Rapporten er utarbeidd av Forsvarsdepartementet.

Rapport om økonomiske effekter av forsvarssektorens tilstedeværelse 2020.pdf

Den direkte økonomiske effekten av nærværet og aktiviteten til forsvarssektoren i 2020 er estimert til 39,7 milliardar kroner. Dette er om lag den same økonomiske effekten som for 2019, men det har vore ein auke i EBA-investeringar og forbruk og skatt og ein reduksjon i EBA-drift og vare- og tenestekjøp.  Forbruk og skatt samt vare- og tenestekjøp utgjer dei største kjeldene til den økonomiske effekten for 2020. Slik var det òg i 2019. I tillegg til den direkte økonomiske effekten på 39,7 milliardar kroner, kjem ein indirekte effekt av industrisamarbeid.

I tillegg til den estimerte økonomiske effekten på 39,7 milliardar kroner, kjem økonomiske effektar til utlandet på om lag 16,4 milliardar kroner. Den samla differansen mellom faktisk tildeling i 2020 og total økonomisk effekt, inkludert økonomiske effektar til utlandet (om lag totalt 56,1 milliardar kroner), er dermed på om lag 4,9 milliardar kroner. Hovudårsakene til differansen er dobbelbudsjettering av Forsvarsbygg, pensjon, overføring av middel frå 2020 til 2021 og at skjerma avdelingar er tatt ut av delar av talgrunnlaget.