Historisk arkiv

Fortsatt høg innsats for langtidsledige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa vidarefører den forsterka innsatsen overfor langtidsledige med 37,2 millionar kroner.

I revidert budsjett i 2017 sett regjeringa inn tiltak for å motverke langtidsløyse. Arbeids- og velferdsetaten får i budsjettet for neste år meir midlar til å vidareføre satsinga.

– Dette er ei naudsynt satsing. Sjølv om arbeidsløysa er på veg ned og fleire kjem i jobb, treng vi å halde trykket oppe for å få folk som har vore lenge ledige tilbake i jobb, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

Styrka oppfølging

Dei fleste ledige kjem seg raskt over i ny jobb. Mange kjem seg óg i arbeid når dagpengeperioden nærmar seg slutten. Dei dagpengemottakarane som ikkje har kome i jobb når dei har om lag seks månadar igjen av dagpengeperioden, vil få styrka oppfølging for å støtte opp under denne effekten. Eksempel på dette er oppfølgingssamtalar for å motivere dei til jobbsøking, informasjon om ledige stillingar, jobbsøkingsaktivitetar, avklaring av rett til livsopphald og andre tiltak med sikte på overgang til arbeid. I tillegg vil arbeidsmarknadstiltak kunne vere eit av fleire aktuelle verkemiddel for å gje overgang til arbeid. 

Fortsatt høgt nivå

Regjeringa tilpassar omfanget av arbeidsmarknadstiltaka til situasjonen på arbeidsmarknaden. Sysselsettinga aukar no, og arbeidsløysa er på veg ned. Derfor foreslår Regjeringa ei viss nedtrapping av tiltaksnivået for ledige. 

Det er fortsatt eit høgt nivå på arbeidsmarknadstiltaka. Regjeringas forslag til løyving i 2018 svarar teknisk berekna til eit samla nivå på om lag 73 000 plassar, det vil seie om lag 15 000 plassar til arbeidsmarknadstiltak for ledige og om lag 58 000 plassar for personar med nedsett arbeidsevne.