Statsbudsjettet 2016: Fortsatt satsing på trygg og effektiv transport langs kysten

- Regjeringa legg fram et budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling. Ein viktig del av den omstillinga skjer langs kysten, og det er viktig å bidra til betre infrastruktur her. Vi foreslår derfor løyvingar som vil gi oppstart for ei rekke farledsprosjekt, utbetring av fiskerihamner og ytterlegare styrking av nærskipsfarten med reduserte avgifter.

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa foreslår å løyve 2,68 milliardar kroner til kystforvaltningsområdet i 2016.

I tillegg kjem 86 millionar kroner i redusert losberedskapsavgift, noko som styrkjer konkurransekrafta til nærskipsfarten (sjå eiga pressemelding).

Regjeringa forslår å auke løyvingane til utbetring av farleier med heile 97 prosent, til 341,4 millionar kroner. Det er viktig for både sikkerheit og framkome i skipstrafikken.

- I dette budsjettet viser vi at regjeringa meiner alvor når vi seier vi vil leggje til rette for å få meir godstransport til sjøs, seier samferdselsministren.

Hamner
Utvikling av hamner er også viktig for framkoma og overføring av gods frå veg til sjø.

Til fiskerihamner foreslår regjeringa å løyve 134,6 millionar kroner, av dette skal 20,5 millionar nyttast til vedlikehald. Fiskerinæringa er viktig for Noreg, og for enkelte kommunar – særlig i nord - avgjerande. Styrking av fiskerihamnene bidreg til å styrke næringa og skapar arbeidsplassar.

 To nye prosjekt får løyving:

  • Mehamn fiskerihamn i Gamvik kommune i Finnmark
  • Båtsfjord fiskerihamn i Båtsfjord kommune i Finnmark

Desse byggeprosjekta blir vidareført:

  • Hovden fiskerihamn i Bø kommune i Nordland
  • Napp fiskerihamn i Flakstad kommune i Nordland
  • Salthella fiskerihamn i Austevoll kommune i Hordaland
  • Myre fiskerihamn i Øksnes kommune i Nordland
  • Berlevåg fiskerihamn i Berlevåg kommune i Finnmark

Regjeringa foreslår òg 15 millionar kroner til planlegging av hamneinfrastruktur i Longyearbyen på Svalbard. Bygging av ny hamn i Longyearbygen er viktig for utvikling av nytt næringsliv på Svalbard. Svalbardsamfunnet står overfor store omstillingar no som gruveselskapet Store Norske bygger ned verksemda.

Sikker sjøtransport
- Regjeringa er oppteken av å legge til rette for ein sikker sjøtransport og å ha ein god beredskap mot akutt forureining. I 2016 startar bygginga av eit nytt multifunksjonsfartøy opp, det fjerde i rekka, seier Ketil Solvik-Olsen

Regjeringa foreslår å løyve 82 millionar kroner til dette i 2016.

Navigasjonsinfrastrukturen – merker og fyr og anna - må ha høy kvalitet  og levere stabil informasjon til brukarane. Arbeidet med å redusere vedlikehaldet held fram i 2016, med eit forslag til løyving på 367,5 millionar kroner til drift og vedlikehald av navigasjonsinfrastruktur. I tillegg kjem 62,4 millionar kroner til å fornye og eller sette opp nye navigasjonsinnretningar, og 33 millionar kroner i tyngre anleggsmiddel for vedlikehald og utbetring av navigasjonsinfrastruktur.

Til sjøtrafikksentralar som skal overvake, gi informasjon til og organisere skipstrafikken i område med høy trafikk og stor risiko, foreslår regjeringa 102,4 millionar kroner pluss om lag 29 millionar kroner til fornying av det tekniske utstyret.

Eit anna tiltak for sikker sjøtransport er AIS basestasjonane som Kystverket opererer langs kysten. Ein ny AIS-satellitt vil bli sett i drift i 2016.

- Førebyggande sjøtryggleik er ein føresetnad for trygg og effektiv sjøtransport langs den krevjande kystlinja vår. Kystverket driv eit omfattande arbeid med blant anna å etablere maritim infrastruktur og å overvake skipstrafikken. Dette er viktige bidrag for å syte for tryggleik og framkomme for skipstrafikken, seier Solvik-Olsen.

Til drift og utvikling av beredskapen mot akutt forureining foreslår regjeringa 322,7 millionar kroner.

U-864
I fjor vart det løyvd 121 millionar kroner til å etablere ei støttefylling for å sikre den ustabile skråninga under baugseksjonen til ubåtvraket U-864 ved Fedje, ei løysing som er nødvendig uansett kva tiltak som blir vald for vraket i framtida.

Til vidare arbeid med miljøtiltak for U-864 har regjeringa sett av 50 millionar kroner.

 For fleire opplysningar - sjå: