Historisk arkiv

Frå 1. januar 2009: Betre plass for buss og drosje i kollektivfelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Frå 1. januar 2009 blir det ikkje lenger fritt fram for å køyre med minibuss i kollektivfelt. Minibussar vil frå denne datoen, som hovudregel, vere utestengde frå køyring i kollektivfelt og sambruksfelt. Unntak vil gjelde for minibussar i løyvepliktig yrkestransport og for minibussar som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren. Med minibuss meiner ein buss med inntil 16 passasjerplassar, i tillegg til førarplassen.

Dette går fram av endringar i ”Skiltforskrifta”. Desse endringane er i dag fastsette av Samferdselsdepartementet.

- Ved å stille strengare krav til kven som kan bruke kollektivfelta, legg vi til rette for dei miljøvennlige transportløysingane og vi gjer det dessutan enklare å handheve regelverket, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I tillegg er det fastsett ei  endring i trafikkreglane som gjer at det ikkje lenger er lov  å køyre med tre- og firehjuls motorsykkel og moped i kollektiv- og sambruksfelt. Køyring med motorsykkel og moped i slik felt vil dermed vere lov berre når køyretøyet har to hjul. Denne endringa vart vedteken i statsråd i dag og skal tre i kraft straks.

For nærare opplysningar – sjå:

  • Forskrift om endring i forskrift 7. oktober 2005 nr. 1219 om offentlige trafikkskilt, vegoppmerking, trafikklyssignaler og andvisninger (skiltforskriften). Fastsatt av Samferdselsdedepartementet 8. februar 2008 med hjemmel i vegtrafikklov 18. juni 1965 nr. 4 §§ 5 og 43.
  • Forskrift om endring i forskrift 21. mars 1986 nr. 747 om kjørende og gående trafikk. Fastsatt ved kgl. Resolusjon av 8. februar 2008.

Til toppen