Historisk arkiv

Framlegg til endringar i stadnamnlova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Grunneigarar får rett til å fastsetje skrivemåte på eigen eigedom

Regjeringa gjer framlegg om å endre stadnamnlova slik at grunneigarar får rett til å fastsetje skrivemåte på eigen eigedom. Framlegget er ein aksept for at ein grunneigar kjenner sterk identitet til ein særskilt skrivemåte av namnet på gardsbruket han bur på.

Kartverket skal framleis vere formelt vedtaksorgan i saker som gjeld bruksnamn, men dersom grunneigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer på eige gardsbruk eller eigedom, har vore i bruk som bruksnamn, skal han eller ho kunne avgjere skrivemåte. Slike eigarfastsette skrivemåtar skal ikkje vere retningsgjevande for skrivemåten av andre stadnamn som det offentlege tek i bruk.

- Framlegget inneber at ein grunneigar kan fastsetje ein skrivemåte som ikkje følgjer rettskrivingsprinsippa i norsk. Dette har ikkje vore mogeleg etter gjeldande lov, men er i samsvar med råderett over privat eigedom. Det er gjort ei lita opning i lova som tilgodeser grunneigarar, som jo har særleg interesse i akkurat bruksnamna. Eg er glad for eit breitt fleirtal for dette i Stortinget, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Lovframlegget følgjer opp Stortinget si innstilling til representantframlegg i 2008 frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker og Olemic Thommessen (frå Høgre). 

Det er gjort endringar i føremålsparagrafen, som gjer det tydelegare at stadnamn er språklege kulturminne som har krav på vern. I tillegg føreslår Kulturdepartementet språklege endringar i fleire paragrafar. Det er presisert i klagereglane at ein kan klage etter stadnamnlova til dømes dersom ein kommune byter ut gamle og innarbeidde namn på ein stad. Lokal namneskikk på staden bør følgjast, sjølv om det ikkje alltid er mogeleg å vidareføre alle gamle namn når terrenget endrar seg.  

Prop. 105 L (2014-2015) Endringar i lov om stadnamn