Historisk arkiv

Framlegg frå regjeringa: Bygging av Hardangerbrua!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Hardangerbrua blir den lengste hengjebrua i Noreg, med eit hovudspenn på 1 310 meter og ei samla lengd på 1 380 meter. (07.10.05)

Pressemelding

Nr.: 112/05
Dato: 07.10.05

Framlegg frå regjeringa: Bygging av Hardangerbrua!

Hardangerbrua blir den lengste hengjebrua i Noreg, med eit hovudspenn på 1 310 meter og ei samla lengd på 1 380 meter.

Bygging av brua, mellom Ulvik og Ullensvang i Hordaland, vil gi eit betre lokalt samband i Indre Hardanger.

I tillegg vil tilbodet bli betre for regional trafikk mellom Odda og Voss og mellom Bergen og Hardanger og vidare mot Øvre Hallingdal.

Brua vil dessutan føre til at fjerntrafikken får ferjefritt vegsamband både aust – vest (Bergen – Oslo ) og nord – sør (Sognog Fjordane – Rogaland).

Dette er nokre av hovudpunkta i eit forslag frå regjeringa om utbygging og finansiering av Hardangerbrua, på riksveg 7 og 13 i Hordaland.

I forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, blir det vist til at kostnadsramma for heile prosjektet er på 2 040 millionar kroner. I tråd med vedtak frå Hordaland fylkeskommune og kommunane i området skal prosjektet i hovudsak finansierast ved hjelp av bompengar og lokale tilskott. I tillegg kjem opptil 180 millionar kroner i statlege midlar.

Etter dei planane som no ligg føre skal anleggsarbeidet ta til vinteren eller våren 2008, med sikte på at brua skal opnast for trafikk i løpet av 2011.

Riksvegferjesambandet Bruravik – Brimnes vil bli lagt ned når Hardangerbrua opnar for trafikk.

Hardangerbrua er planlagt som tofelts hengjebru, med gang- og sykkelveg. Brutårna får ei høgd på 186 meter over fjorden. Prosjektet omfattar også 2,4 kilometer vegtunnel og 0,8 kilometer veg i dagen. I tillegg skal det byggjast 0,9 kilometer gang- og sykkelveg fram til brua. Seglingshøgda er planlagt til 55 meter.

Finansiering: Bompengar og lokale tilskott

Hardangerbrua skal finansierast gjennom bompengar, fylkeskommunale konsesjonskraftmidlar, kommunale tilskott, innsparte statlege ferjetilskott og ordinære statlege løyvingar til riksveginvesteringar. – Det er ein føresetnad at finansieringa i hovudsak skal skje gjennom bompengar og lokale tilskott. Sjølv om Hardangerbrua er eit prosjekt som inngår i stamvegnettet, er det også lagt til grunn å bruke opptil 180 millionar kroner frå den statlege investeringsramma for såkalla ”øvrige riksvegar” i Hordaland, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet. Føresetnaden om ein slik bruk av statlege midlar for ”øvrige riksvegar” for å dekkje delar av byggjekostnadene, er i tråd med vedtak i Hordaland fylkeskommune, går det fram av forslaget.

I forslaget går regjeringa inn for at bompengeselskapet Hardangerbrua AS skal få løyve til å ta opp byggjelån og til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av prosjektet.

Hordaland fylkeskommune er hovudaksjonær i bompengeselskapet. Dei andre aksjeeigarane er kommunane Bergen, Kvam, Granvin, Voss, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang.

I forslaget blir det vist til at det no blir gjennomført ei utgreiing om kva for konsekvensar bygging av Hardangerbrua vil få for villreinen på Hardangervidda. Ein reknar med at denne utgreiinga vil vere ferdig i 2006. På bakgrunn av denne utgreiinga vil spørsmål om miljøtunnelar på Hardangervidda bli vurdert. Dersom ei tunnelløysing blir vald, ser regjeringa det som aktuelt å forlengje bompengeperioden for å medverke til å finansiere dette, går det fram av forslaget frå regjeringa.




Til redaksjonen
For fleire opplysningar – sjå:

St.prp. nr. 2 (2005-2006) Om utbygging og finansiering av riksveg 7/riksveg 13 Hardangerbrua i Hordaland

Oversiktskart: Hardangerbrua

Klikk her for å laste ned ei større utgåve av kartet

Kart: Hardangerbrua krysser Eidfjorden

Klikk her for å laste ned ei større utgåve av kartet

Til toppen